30 år med yrkesklede

Publisert 25.09.2017 17:19, oppdatert 25.09.2017 17:22 - Redaksjonen - tips@stottmedia.no

30 år med yrkesklede

Denne veka kan Yrkesklær markere at dei har selt yrkes- og fritidsklede på både sør- og nordsida av elva i Førde i tre tiår. 

Førde (samarbeidspartner): Og det gjer dei med å gje kunden gode tilbod i butikken. 

- Sjølvsagt må vi feire at vi har klart å bli 30 år. Det blir mange tilbod heile veka, samtidig som at det blir ei ekstra markering med kake på fredag, seier dagleg leiar, Runa Hareide Haugen.

To i ein

Tilbake i 1987 opna Yrkesklær AS dørene til butikken i Sentrum Sør. Utover 90-talet vart etterspurnaden etter fritidsklede så stor at dei valde å opne Jakt & Fritid på Førde Torg i 1996, og når moglegheita var der i 2010, samlokaliserte dei begge butikkane i 3. etasje på Elvetorget.

- Utviklinga har vore stor sidan vi starta opp. Det som begynte med ein rein leverandør innan yrkesklede, er no ein butikk med eit stort utval innan trening, tur og fritid også, seier avdelingsleiar Johnny Kårstad.

- Det er det kundane våre er ute etter, så då har vi tilpassa oss etter den etterspurnaden.

IMG_7686

Vilde Adler Nilsen, Reidun Borlaug Hellebust, Runa Hareide Haugen, Fride Hareide Haugen og Johnny Kårstad feirer at dei har drive burikk i Førde i 30 år denne veka, og håpar at publikum vert med. Foto: Førdeby.

Hareide Haugen mimrar tilbake til då det var litt meir behagelege opningstider:

- Før stengde vi dørene klokka 16.30. Torsdagane var dei verste, sidan det var ope til 18.00, smiler ho, og legg til at butikken no er
open frå åtte til tjue.

Framtida

Begge er einige om at det har vore spennande å vere med på utviklinga av både butikk og næring i Førde, og ser positivt på vegen vidare.

- Vi skal fortsetje å dekke behovet til kundane våre i mange, mange år. Eg trur at det er viktig å vise til eit stort utval og hjelpe kunden så langt det lar seg gjere, og sidan vi er så pass sjølvstendige ovenfor leverandørane våre, kan vi velge det vi vil, og kundane vil ha til butikken.

Her kan du besøke Yrkesklær AS si Facebookside.

Les også