17mai Kinn

Publisert 16.05.2020 13:32, oppdatert 16.05.2020 13:32 - Erlend Dvergsdal - tips@stottmedia.no

Feiring av nasjonaldagen i Kinn

I samband med den spesielle situasjonen vi er i så vert det ei annleis feiring av nasjonaldagen, men feirast skal det uansett!  Det kan kome endringar i dei nasjonale retningslinene for feiring av 17. mai.

 

Kommunen tok initiativ til eit møte med dei lokale 17. mai komiteane for å informere og for å skape eit fora for deling av idear og tankar kring feiringa. Administrasjonen var representert ved ordførar Ola Teigen, kommunalsjef for samfunn, kultur, og miljø Rolf Bjarne Sund, samt kultursjef Odd Gunnar Myhre. Kommuneoverlege Jan Helge Dale informerte om smittesituasjonen i Kinn og dei noverande nasjonale råda om smittevern.

Hovudpunkt for smittevern:

  • Det er ikkje lov å samle fleire enn 50 personar på offentleg stad
  • Legge til rette for at det er mogleg å halde avstand
  • Personar som er sjuke skal ikkje delta
  • Det er betre å ta med mat enn å ha sal av mat
  • Ved sal av mat og drikke bør den vere i emballasje
  • Servere mat framfor sjølvforsyning
  • Ikkje dele fellesutstyr, som årar, leikar osv
  • Vipps framfor handtering av kontantar

Lokalavisene trår til, men du må bidra

Avisene Firdaposten og Fjordenes Tidende ønskjer å bidra i feiringa. Dei vil legge ut videoar, bilete og synleggjere det som skjer på denne dagen. For at dei skal lage eit best mogleg produkt er dei avhengige av bidrag frå komiteane. 
Vi vil utfordre kor og korps til å ta opptak av seg sjølve og sende over til avisene. Gjerne der ein spelar/syng nasjonalsangen, eller ein annen song som kan forbindast med feiringa. Vi oppmodar til å sende inn i forkant og seinast torsdag 14. mai. 
Avisene er og avhengige av å få tilsendt alle lokale program så tidleg som mogleg. Send programma til begge avisene så raskt som råd. 

Det vert 3 faste sendingar på begge avisene sine sider 17. mai:

  • 09.00 – 09.30
  • 12.00 – 12.30
  • 16.00 – 16.30

Innhaldet er ikkje heilt klart, men det vert mellom anna tale frå ordførar, russetale og kulturinnslag. 

I tillegg til dette ynskjer avisene mest mogleg bilete frå korleis dagen vert feira. Her vil avisene kome ut med informasjon om korleis dei ynskjer at desse vert sendt inn. 
Vi er veldig glade for at avisene er så positive til dette. Ingen av sakene vert «+ saker» så her kan alle få det med seg.

Husk å sende all informasjon til begge redaksjonane. Her er kontaktinformasjon:

Les også